Søndag 04 oktober 2009 kl ca 23 landa flyet i Melbourne, sju dagar tidligare landa me i Launceston Tasmania. Sigve, Roger, Trygve, Vegard og meg hoppa rett i leigebilen, ein
Holden (Opel) Commadore, og la ut på landeveien. Planen vår var at me skulle kjøra til austkysten for så å overnatta eit par goner på vei ner til hovudstaden Hobart. I hobart sku me reisa vidare til Sydney.

Å kjøra på feil sia av veien var lettare enn eg hadde trudd, og etter 3.5 timar øve fjell og gjennom jungel kom me til St. Helens, ein liten fiskeby på ca 3-4000 innbyggerar.
Klokko var seint når me kom fram så me fekk i oss litt mat og kom oss i seng etter ein liten sightseeing i mørket. Me såv på eit 12mannsrom på ein Bacpacker heim. Aleina heldigvis.
Dagen etter sku me ta ein liten kikk på ein plass som hetter "
Bay of Fires" før me kjørte vidare nerover. Etter ein liten villtur uti skogen på ca eit par timar kom me fra til BoF, som ligger ca 10 min fra backpacker heimen. Ein skogserfaring rikare kjørte me vidare nerover. Planane blei litt endra her på grunn av dårlig ver, så me sikta på å komma oss til Sorell. Etter litt flaks fekke me lånt oss eit lite hus for natto litt før Sorell.
Fra Sorell kjørte me til Taranna der me fant ein dyrepark der me kunne få sjå Tasmansk djevel, nåke eg vertfall var nødt til å få med meg sio dei nesten snart e utrydda. Ikkje nåken sjarmerande dyr egentlig. Eit sett med kjevar på bein. Verdt heile turen!

Samme dagen kom me fram til Hobart, der me budde på Hostell for natto. Tok ein liten tur på byen for å rista bilen av oss. Før me for til flyplassen på tirsdagen tok me turen innom fabrikken til Cadbury for å smaka litt sjokolade.
Seinare den dagen Sjekka me inn på "
The Jolly Swagman Backpackers" midt i Sydney. Her var sisste soveplass. Roger og meg kom på rom meg Roy fra Malaysia som hadde bønnlesing for oss klokko 07:00 om morningen og 23:00 om kvelden. Ellers e da vell snorkingo me huska han best for. Blir ganske bra lyd når ein holder pusten i 20 sekund for så å dra inn all luft ein klara, så hardt ein klara, for så å gjenta. Oppholdet på Jolly Swagman var ellers ein veldig god opplevelse. Plassen var full av unge folk fra heile verden og da var alltid god stemning.
Den første dagane var me veldig heldige med veret, så då va da rett på stando.

Den andre dagen var endo finare, så då for Roger Vegard og Trygve på surfetur, menst Sigve og meg for på Scooter tur innover mot Blue Mountains. På turen opp for me å såg "
Red Hands Cave" og vanvittige
Wentworth Falls, før me avslutta turen med
Three Sisters.
Turen heim var om ikkje anna intressang... 130 kilomeret men firfelts vei i 110 på scooter i bekmørket... Når me kom oss tilbake til Sydney fekk me oss ein veldig fine tur rundt byen. Me brukte ein god time på å fimma fram i byen, men fekk ein kjempefin tour av byen i kveldsstemning.
Dei sisste dagane brukte me på sightseeing i byen, der me var gjennom
Botanical Gardens,
The Rocks Market og selfølgelig da "flotta" oprahuset. Jiff hadde slått bra ann her trur eg.

Før me for heim på søndagen fekk me og med oss Sydney Aquarium og Wildlifesenter.
Eg synst alt i alt da var ein kjempefin tur. Litt krangling i baksetet må ein tåla, men me har fått sett masse flotte plassar og møtt på mongen spennande dyr (inkludert ein 10 cm diameter edderkopp som ikkje likte at me fyrte i peisen i Sorell). Har vert ein god opplevelse og ein vellfortjent ferie. No e da tilbake til da gamle, med bare 3 veker igjen til eksamensperioden. Full Gass!